No.openoffice.org
From Apache OpenOffice Wiki
Hovudside: OpenOffice.org på norsk
Contents
Arbeidsplan
OOo 2.4
OOo 2.4 er på RC-stadiet. Planen er at den skal koma ut i løpet av mars 2008.
Dei som er ansvarlege for utgjeving har møte kvar måndag, med referat på ReleaseStatus_Minutes. Siste innspel derifrå er at det kjem ein RC4, slik at den ferdige 2.4 tidlegast kan koma ut 18. mars. Det er midt i påskeferien, så for vår del er den tidlegaste moglege datoen i veka etter påske.
Gaute er på påskeferie 14.-24. mars.
- 25.-27. mars Testing
- Fredag 28. mars Utgjeving
OOo 2.4.1
OOoRelease241: Det kan koma ein versjon 2.4.1 før 3.0. Me bør undersøkja om me kan få med stavekontrollen i den versjonen. ([1])
OOo 3.0
Relevante sider: OOoRelease30, Translation_for_3.0, ReleaseStatus_Minutes.
- 6. mars Grensesnittet er fryst
- 3. april Frist for omsetjing av 3.0 beta
- 4. juli Førebels frist for omsetjing av den ferdige versjonen